Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Deltid |
Vil du bli vår nye merkantile medarbeidar ved Hafslo barne- og ungdomsskule?
Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet og er ein 1.-10.-skule. I dag har skulen 221 elevar og 44 tilsette. I SFO er det 54 born og frå hausten 2023 vert det tilsett ein eigen SFO-koordinator. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksisskule og lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet.
Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjenge til. Me meiner at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor.
Om stillinga
Skulen har ledig 50 % fast stilling som merkantil medarbeidar f.o.m. 01.08.23
Me søkjer
Ein serviceinnstilt, stabil og påliteleg person som er imøtekommande, har godt humør, ordenssans og gode samarbeidseigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
Krav til kompetanse:
Ønska kvalifikasjonar for stillinga
Me kan tilby
Andre opplysningar