Medarbeidarar til sommaraktivitet

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger, Sunnfjord, Fjaler Sommerjobb
Høyanger kommune Logo

Høyanger kommune

Postboks 159
6991 Høyanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Einingsleiar for kultur og mangfald Jeanette Wølke Friis Walsvik
90076139

Søknadsfrist

28. april 2024 Søk på stillinga her

BUA i Høyanger kommune søkjer etter to «friskusar» til å skape sommarferieaktivitet for born og ungdom i kommunen i tidsrommet 24.06.24 – 26.07.24. (5 veker). Søkjarar må vere over 18 år og kunne jobbe heile perioden.

Har du lyst å bidra til å skape gode sommarminner for born og ungdom i Høyanger kommune? Er du ein trygg, aktiv og litt sporty vaksenperson? Då er du kanskje den vi søkjer.

Arbeidsoppgåver :

•Utvikle aktivitetsplan for eit variert sommarferietilbod for ungdom i kommunen

•Gjennomføring av aktivitetar og arrangement rundt om i kommunen med utspring frå BUA Høyanger og utstyret som finst der.

•Utlån av sports- og friluftsutstyr

•Bruke digitalt utlånssystem, samt bidra til å løyse øvrige oppgåver i BUA Høyanger.

•Køyre bil for henting og levering av utstyr

•Bli med å marknadsføre tilbodet

Kvalifikasjonar :

•Vi søkjer trygge og ansvarsbevisste personar som er fleksible og som tar initiativ

•Ønskeleg at søkjarar har erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet.

•Har gode samarbeidsevner, er initiativrik og løysingsorientert

•Førarkort klasse B

•Du er kanskje i gang med studiar på høgskule eller universitet og brenn for faget ditt.

•Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

•Løn etter tariff

•Godt arbeidsmiljø.

•Opplæring og rettleiing.

•Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.

•Ein lærerik sommarjobb med veker fylt med ansvar, kreativitet, aktivitet og mykje glede!

Det er krav om politiattest for dei som blir tilsett.

Les meir om BUA Høyanger og kulturtilboda til kommunen her; https://www.bua.no/utlansordninger/bua-hoyanger

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.