Fjord1 AS Hovedbilde

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Maskinsjef MF Samlafjord Fjord1 AS Ullensvang, Kvam Fulltid
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Silje Terese Hjønnevåg Hole
91 31 17 04

Søknadsfrist

23. september 2024 Søk på stillinga her

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

No har vi ei spanande moglegheit for deg som maskinsjef i sambandet Jondal-Tørvikbygd, p.t. MF Samlafjord.

Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 2 veker av.

Vi vurderar søknadane fortløpande, så send inn din søknad snarast!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid.
  • Godt humør.
  • God kommunikasjonsevne.
  • Serviceinnstilt.
  • Fleksibel.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar

Skiftordning: Døgnskift (24 timar om bord - 24 timar i land) - 2 veker på, og 2 veker av

Fjord1 AS Kulturbilde