Fjord1 AS Hovedbilde

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Maskinsjef MF Lærdal Fjord1 AS Kvinnherad Fulltid
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Silje Terese Hjønnevåg Hole
91 31 17 04

Søknadsfrist

23. september 2024 Søk på stillinga her

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

No har vi ei spanande stilling som maskinsjef i sambandet Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes, på MF Lærdal.

MF Lærdal, bygd i 1997, er no oppgradert til hybrid med batteri som primær energikilde i framdriftssystemet.

Skiftordning: 2 veker på, (ei veke dag og ei veke natt) og 2 veker av.

Overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden.

Vi vurderar søknadane fortløpande, så send inn din søknad snarast!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Leie det tekniske arbeidet om bord, sørgje for at utstyret fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehalde maskineri og komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeide med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM-koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Hald eit høgt nivå av reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på (ei veke dag og ei veke natt), 2 veker av.
  • Overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden.
  • Vi kan disponere hybel ved kaien.
Fjord1 AS Kulturbilde