Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Maskiningeniør vasskraft

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kjetil Mardal
95144187

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

SFE Produksjon er ein av dei leiande fornybarprodusentane på Vestlandet, og er i ei positiv utvikling, og har fleire nye og spanande utbyggingsprosjekt som skal bidra til det grøne skiftet. Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering av vår kraftproduksjon, for slik å kunne hjelpe samfunnet med eit stadig aukande behov for fornybar energi.
I våre kraftverk og vassvegar for fornybarproduksjon er maskin eit sentralt fagområde.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektarbeid knytt til nyutbyggingar, rehabilitering, oppfølgjing av drift og vedlikehald av kraftverk
  • Arbeid med vedlikehaldssystem og tilstandsvurdering for turbin, generator, lukeanlegg og andre kraftverkskomponentar
  • Arbeide med å vidareutvikle system for prediktivt vedlikehald og bidra i arbeidet mot eit meir tilstandsbasert vedlikehald i vår digitale kraftproduksjon
  • Driftsstøtte og inspeksjon av anlegg
  • Bidra til ei kontinuerleg utvikling av langsiktige vedlikehald- og rehabiliteringsplanar
  • Samhandling i ulike team på tvers av avdelingar
  • Vere ein del av faggruppe maskin i verksemda
  • Kontroll og arbeid med teknisk dokumentasjon
  • Oppfølging av eksterne leverandørar på prosjektering og levering av utstyr


Kvalifikasjonskrav

  • Master-/bachelorgrad eller teknisk fagskule innan maskinfag
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Du har gjerne erfaring frå kraftselskap, konsulent- eller leverandørindustrien
  • Kjennskap til damsikkertheitsforskrifta og ev. kurs i damsikkerheit I og I
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar og generell systemforståing

Om deg

  • Samarbeidsorientert, kommuniserer godt med andre og er den gode lagspelaren
  • Kreativ, engasjert og nytenkande
  • Oppteken av HMS

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og den lokale flyplassen.
  • www.nordfjord.no www.nordfjordaktiv.no
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde