Om stillinga
Som tilsett i Sogn og Fjordane Energi er du med på laget for å skape den fornybare framtida, og vere ein aktiv bidragsytar til selskapet sitt målretta arbeid med klimanøytralitet og berekraft.
Dine oppgåver:
- Prosjektarbeid knytt til nyutbyggingar, rehabilitering, oppfølgjing av drift og vedlikehald av kraftverk
- Arbeid med vedlikehaldssystem og tilstandsvurdering for turbin, generator, lukeanlegg og andre kraftverkskomponentar
- Arbeide med å vidareutvikle system for prediktivt vedlikehald og bidra i arbeidet mot eit meir tilstandsbasert vedlikehald i vår digitale kraftproduksjon
- Driftsstøtte og inspeksjon av anlegg
- Bidra til ei kontinuerleg utvikling av langsiktige vedlikehald- og rehabiliteringsplanar
- Samhandling i ulike team på tvers av avdelingar
- Vere ein del av faggruppe maskin i verksemda
- Kontroll og arbeid med teknisk dokumentasjon
- Oppfølging av eksterne leverandørar på prosjektering og levering av utstyr
Din bakgrunn:
- Master-/bachelorgrad eller teknisk fagskule innan maskinfag
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Du har gjerne erfaring frå kraftselskap, konsulent- eller leverandørindustrien
- Kjennskap til damsikkertheitsforskrifta og ev. kurs i damsikkerheit I og I
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Gode IT-kunnskapar og generell systemforståing
Du er:
- Samarbeidsorientert, kommuniserer godt med andre og er den gode lagspelaren
- Kreativ, engasjert og nytenkande
- Oppteken av HMS
Vi arbeider aktivt og målretta for å styrke mangfaldet i verksemda. Vi oppmodar særskilt kvinner om å søke på stillinga.