Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Marknadsførar | Luster Sparebank | Luster | Fulltid |
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og banken sitt samfunnsansvar står i sentrum. Ynskjer du ein variert arbeidskvardag der du kan bidra til nettopp dette? No har me ledig ei spanande stilling der du kan få brukt dine kreative evner på marknadsarbeid!
Me ser etter nokon som blir motivert av å formidle og å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar, og samarbeidspartar vil vere ein viktig del av jobben.
Stillinga vil inngå i banken si marknadsgruppe.
Me ser etter ein kreativ og løysingsorientert person som brenn for god kommunikasjon der målgruppa står i fokus, både i den digitale og fysiske verda.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.