Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Måleteknikar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Stad Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Steinar Angelshaug
96902491

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Framtida er fornybar

Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Vårt automatiske målings- og kommunikasjonsystem er eit viktig grunnlag for utvikling av smarte nett og framtidas nettløysingar.

Arbeidsoppgåver

  • Montasje og drift av Linja sitt måleutstyr og infrastruktur knytt til måleverdiinnsamling
  • Oppgåver knytt til høgspennings måling, både igangsetjing av nyanlegg og drift av eksisterande anlegg
  • Oppgåver knytt til vårt automatiske målesystem (AMS), mellom anna montasje og drift av lågspenningsmålerar
  • Kontrollmåling og oppfølgjing av dette, både når det gjeld høg- og lågspenninganlegg
  • Dialog med el-installatører
  • Dialog med nettkundar og oppfølgjing ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant elektrofagbrev, gjerne Gr. L/H
  • Teknisk fagskule innan elektrofag
  • Relevant erfaring kan erstatte forventning til utdanning

Om deg

  • Strukturert, nøyaktig og har god orden og kontroll i arbeidet
  • Sjølvstendig, samtidig som du er samarbeidsorientert og spelar på lag med andre
  • Ein person som kjem lett i dialog med andre

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og fly
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde