Lønnsmedarbeidar Bilde

Er du stødig i lønn og klar for nye farvatn?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lønnsmedarbeidar Fjord1 AS Kinn, Sunnfjord Fulltid

Har du erfaring med lønn og ønskjer nye utfordringar i eit framtidsretta selskap?

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelige! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi fram med å leie an i den maritime næringa.

Men vi veit at det som får ferjene våre til å gå, er menneska bak - både på sjøen og på land. Derfor ser vi no etter vår nye lønnsmedarbeidar som får ei viktig rolle i å sikre at alle tilsette - frå maskinrom til kontor - får rett løn til rett tid. Du blir ein del av eit fagleg sterkt team der vi delar kunnskap, støttar kvarandre og spelar kvarandre gode. Hos oss finn du eit arbeidsmiljø prega av høg trivsel, stor takhøgde og ekte kollegialt felleskap - der det er like naturleg å be om hjelp som å tilby det.

Arbeidsoppgåver

Som lønnsmedarbeidar hos oss får du ei sentral rolle med ansvar for å sikre at lønnsprosessane våre er korrekte og effektive. Du samarbeider tett med HR og drift, og jobbar både operativt og med kontinuerleg forbetring av lønnssystem og rutinar.

Hovedoppgåver:

  • Registrering og kontroll av fast og variabel lønn

  • Kontroll og behandling av reiserekningar, fråvær, merarbeid og timelister

  • Innsending av A-meldingar og inntektsmeldingar

  • Rapportering til pensjon og offentlege myndigheiter

  • Oppfølging av lønnsoppgjer og oppdatering av fastlønnstabellar

  • Avstemming, rapportering og støtte til andre i organisasjonen

Kven ser vi etter?

For å trivast og lukkast i denne rolla er det viktig at du har ein systematisk og nøyaktig tilnærming til arbeidet ditt, men samstundes evnar å samarbeide godt med andre og bidra til fellesskapet. Du har eit blikk for detaljar, men ser også verdien av heilskap og samanhengar i organisasjonen. Vi ser etter deg som er lærevillig, strukturert og løysingsorientert – ein som trivst med ansvar og som finn glede i å sikre kvalitet i kvar einaste prosess.

For å lukkast i rolla trur vi at du har:

  • Utdanning innan økonomiske fag

  • Erfaring med lønnsarbeid

  • Kjennskap til lønnssystem som Unit4 BW (Agresso)

  • God rekneskapsforståing og evne til å setje deg raskt inn i regelverk

  • Gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar på skandinavisk

Eit mannskap for alle

Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

Dette kan vi tilby deg

Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.

Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.

Klar for å komme om bord?
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett. Send inn ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Kanskje er dette starten på noko veldig bra – både for deg og oss.

Fjord1 AS Kulturbilde