Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Leiarstillingar ved Norconsult Førde | Norconsult Norge AS | Sunnfjord | Fulltid |
Norconsult med sine snart 6000 tilsette har ein tydeleg distriktsprofil. Vi vil vere der dei spennande prosjekta er, og der våre tilsette vil bu. Difor er vi no til saman 75 medarbeidarar fordelt på 7 kontor i Sogn og Fjordane.
Ettersom vi veks, treng vi fleire fagleiarar, vi ser etter deg som har fagleg erfaring og ambisjonar om utviklings- og leiaroppgåver innan eit eller fleire av våre marknadsområde. For tida er dette samfunns- og arealplanlegging, energi, industri, samferdsle, infrastruktur, vatn, avløp, bygg og anlegg, miljø og geofag. Vi har ein fleksibel organisasjon som vi tilpassar etter kva team vi vil etablere og satse på.
Vi søkjer dyktige og engasjerte leiarar til å vidareutvikle ei eller fleire faggrupper i Førde. Som leiar vil du vere ein sentral figur i å utvikle og styrke vår posisjon i regionen. Du vil ha ansvar for å leie og motivere eit team av planleggjarar, ingeniørar og rådgjevarar, og sikre høg kvalitet i leveransane våre. Du vil også vere ein viktig kontaktperson for våre kundar og samarbeidspartnarar, og bidra til å bygge sterke relasjonar.
Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.
I Førde har Norconsult ei tverrfagleg rådgjevargruppe i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.
Vi er over 75 medarbeidarar lokalt i Sogn og Fjordane, med kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid. Vi jobbar med planlegging, prosjektering og leiing av oppdrag innan alle typar prosjekt, offentlege og private. Vi utfører tenester innan prosjektstyring, samfunns- og arealplanlegging, og prosjektering innan marknadane industri, energi, industri, samferdsle og infrastruktur, og bygg og anleggs.
Vi har høge ambisjonar og ideal innan berekraft, digitalisering og samarbeid, og vert inspirerte av å kople det samen med kundane sine behov, slik at vi kan komme fram til den optimale leveransen for det aktuelle prosjektet.
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
Kontaktpersonar for stillinga er avdelingsleiar Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686 eller kontorleiar Tone Myklebust Kvåle, tone.myklebust.kvale@norconsult.com, tlf 95807509.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.
Link stillingsannonse:
https://norconsult.no/karriere/ledige-stillinger/req-4057/