Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Vi skaper den fornybare framtida

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Leiar småkraft Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Søknadsfrist

23. februar 2024 Søk på stillinga her

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen – det er samfunnsoppgåva vår! I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.

Leiar for nysatsing innan drift og vedlikehald av småkraftverk

Vi søkjer ein erfaren og engasjert person til å leie vår nysatsing innan småkraft. Den rette kandidaten vil få ansvar for å bygge opp ei heilt ny eining som skal tilby eksterne tenester innan drift og vedlikehald, samt mindre rehabiliteringsprosjekt av småkraftverk i regionen vår.

Du vil bli sentral i oppbygginga av småkraft-teamet vårt – eit team som skal bestå av menneskje med solid teknisk kompetanse og som etterlever ein svært høg standard når det kjem til tryggleik og HMS i praksis. Dine eigenskapar som strukturert kjem godt med når du organiserer den daglege drifta i ein hektisk kvardag, og du er på same tid bevisst på å bruke dine leiareigenskapar rett for å skape motivasjon og inspirere. Det gode samarbeidet i teamet og med andre fagteam i SFE er heilt vesentleg for å lukkast. I lag med teamet ditt sikrar du at kundane blir ivareteke på best mogleg måte. Dette inneberer at oppdraga er nøye planlagt med høg vekt på effektivitet og minst mogleg nedetid i kunden sin straumproduksjon. Du kan óg bistå kundane med å planleggje forbetringar og oppgraderingar av anlegga. For å sikre jamn ordreinngang sørger du for at avdelinga har fokus på sal og marknadsarbeid i det daglege.

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagskule eller høgare utdanning innan elektro- eller maskinteknikk
  • Erfaring med prosjektleiing, gjerne innan kraft eller bygg og anlegg
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av småkraftverk eller liknande tekniske anlegg er ein fordel
  • Leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og takle fleire oppgåver samtidig – på same tid som du er god på samarbeid på tvers av avdelingar
  • Gode kommunikasjonsevner både som leiar og som ein som skal yte service til kundar
  • Kommersiell teft

Vi gler oss til å få søknaden din og bli kjend med kven du er – om du oppfyller mange, eller berre nokre av ønska våre ovanfor. Vilje og lærelyst er også viktig, syns vi. Mangfald er ein styrke, og vi oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje.

Kvifor velje oss?

Som ein pioner i energibransjen i regionen vår gir vi deg moglegheita til å vere ein del av eit dedikert team som er svolten på nyskapning og berekraft – ikkje minst bidreg til den fornybare energirevolusjonen! Det har vore god vekst innan småkraft dei seinaste åra, og straumproduksjonen herifrå er eit viktig bidrag i det grøne skiftet.

I SFE legg vi vekt på eit godt arbeidsmiljø, kompetanseutvikling og konkurransedyktige vilkår, og tilbyr ein støttande arbeidskultur som verdset mangfald og vekst. Bli ein del av vårt dedikerte team og hjelp oss med å forme framtida for berekraftig energiproduksjon!

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde