Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Vi ser etter ein tydeleg og engasjert leiar som brenn for NAV sitt samfunnsoppdrag. Har du pågangsmot, engasjement og ønskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver er dette stillinga for deg.
NAV skal gje menneske moglegheiter og vårt mål er å få fleire i arbeid og aktivitet. Vi leverer arbeids- og velferdstenester til befolkninga i Norge og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet.
Frå 1. mai 2023 etablerer kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn eit vertskommunesamarbeid om dei kommunale tenestene i NAV. Stad kommune er vertskommune for samarbeidet, og saman med NAV Vestland vil kommunen vere likeverdig eigar av NAV Nordfjord. Begge instansar vil vere involvert i arbeidet med å etablere og utvikle NAV Nordfjord til å levere heilskaplege og likeverdige tenester for innbyggjarane og verksemdene i alle dei samarbeidande kommunane.
Vi søkjer etter ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar som kan forme og utvikle tenesta vidare gjennom gode og trygge prosessar. Leiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, sikre god samhandling mellom kontora i vertskommunesamarbeidet og mellom eksterne samarbeidspartar.
Som NAV-leiar vert du kommunalt tilsett og du vil få kontorstad på Nordfjordeid. Du får ansvaret for 43 tilsette på dei fire kontorlokasjonane i Svelgen, Sandane, Nordfjordeid og Stryn. Som NAV-leiar i Nordfjord vil du fungere som regionleiar og rapportere til Fylkesdirektør i NAV Vestland på statleg del av NAV og til Kommunedirektør i Stad på det kommunale ansvarsområdet. I tillegg vil du ha eit særleg ansvar for å sikre god informasjon med dei andre kommunane i samarbeidet. NAV Stad ligg til kommunalområdet Helse og omsorg i Stadd kommune og du vil vere ein del av kommunalområdet sitt overordna leiarteam.