Sogndal kommune Hovedbilde

Er du vår nye leiar for digitalisering og IKT?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Leiar for digitalisering og IKT Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

Me søkjer ein utviklingsorientert og strukturert leiar som skal ta vidare arbeidet med digitalisering og IKT i ei nyoppretta eining.

Sogndal kommune har gjennomført ei omfattande satsing på å skape eit framtidsretta og fleksibelt grunnlag for drift av IKT, og har i dag ein solid teknisk grunnmur og svært kompetente tilsette. I tillegg har ein gjennom det siste året blitt ein føregangskommune på brukar- og innbyggjarorientert digitalisering. For å ta vidare og kople saman desse to viktige strategiske satsingane søker me no etter ein leiar for digitalisering og IKT. Stillinga vil bli ein del av leiargruppa i sektor for samfunnsutvikling, kultur og innovasjon.

Du vil få ansvar for å jobbe med:

  • Stabil og sikker drift av kommunen sine IKT system, både lokalt og i sky
  • Forme og leie arbeidet med å bygge ei samla innbyggjar- og brukarretta teneste
  • Leie og koordinere kommunen sin innsats i lokale, regionale og nasjonale satsingar
  • Overordna ansvar for å følgje opp digitaliseringsstrategien til Sogndal kommune, og møte framtida med gode digitale alternativ for innbyggjarar og tilsette
  • Personalansvar for dei tilsette i IKT- og digitaliseringseininga

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning, erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Leiarerfaring og gjerne erfaring med samfunnsutviklingsarbeid
  • Erfaring med sakshandsaming for politisk nivå
  • Gode språklege framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Eigenskapar:

  • Evnar å jobbe sjølvstendig og strukturere eige arbeid
  • Strategisk tenkande og flink til å få andre med deg
  • Evnar å samskape med andre, både internt og eksternt
  • Open for å tenke nytt og sjå mogelegheiter
  • God til å skape engasjement, lytte og finne gode løysingar
  • Nysgjerrig på nye mogelegheiter og tankar

Me tilbyr:

  • Eit skapande arbeidsmiljø med dyktige tilsette
  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Løn etter avtale

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.