Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta avdeling Elvebøen har ledig 100 % vikariat som miljøterapeut i perioden 02.12.24 - 31.12.25.
Stillinga er inkludert 20 % frie timar.
Elvebøen ligg under tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i eininga vår.
Som miljøterapeut ved Elvebøen jobbar du tett på tenestemottakarane ift miljøterapeutiske tiltak i tillegg til individuell oppfølging med dei du har primæransvar for.
Stillinga krever at du er sjølvstendig samtidig som du har dei eigenskapane som krevs for å jobbe i team. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte og samarbeid er ein viktig faktor for arbeidsmiljøet vårt.
Avdelinga har heildøgndsdrift, og det overordna målet til tenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgst mogleg grad av meistring og livskvalitet.
Vi kan tilby både korte vakter på 7 eller 7,5 timar og lange vakter på opp til 14,5 timar- alt etter ynskje. Vi har overnattingsmoglegheiter som gjer at pendling ikkje er eit hinder.
Eininga har tredelt turnus, men for tida er turnusen lagt opp med todelt turnusordning. Eininga har årsturnus.
Om du har spørsmål angåande stillinga ta gjerne kontakt med vikarierande avdelingsleiar Mari Helene Kornberg tlf. 480 47 040 for ein prat!
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Mari Helene Kornberg på telefon 48047040.