Ledig sommarvikariat på Fjaler folkebibliotek Bilde

Ledig sommarvikariat på Fjaler folkebibliotek

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid

Vi har ledig sommarvikariat i ca 50 % stilling på Fjaler folkebibliotek. Vi ser etter deg som har interesse, for litteratur og litteraturformidling og kan jobbe 3 dagar i veka, i veke 29, 30, 31 og 32. Fjaler folkebibliotek finn du i 1. etasje på Fjalerhuset, og det er ein fin møteplass for små og store, unge og eldre.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for å arbeide med menneske
  • Interesse, og kunnskap om, litteratur og litteraturformidling
  • Fleksibel og sjølvstendig

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel om du har utdanning eller erfaring frå bibliotek eller liknande studieretningar.
  • Søkjar må ha fylt 18 år
  • snakke og skrive godt norsk

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Opplæring

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offenteg.