Lærarstillingar på Florø ungdomsskule Bilde

Ledige lærarstillingar på Florø ungdomsskule frå og med skuleåret 2023/2024

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lærarstillingar på Florø ungdomsskule Kinn kommune Kinn Fulltid

Om stillinga

Vi har inntil 9 ledige lærarstillingar på Florø ungdomsskule frå og med skuleåret 2023/2024.

Inntil 5 av stillingane vil vere faste.

Arbeidsoppgåver

Norsk (60 studiepoeng), engelsk (60 studiepoeng), matematikk (60 studiepoeng), naturfag (30 studiepoeng), samfunnsfag (30 studiepoeng), KRLE (30 studiepoeng), kroppsøving, K&H, musikk, eventuelt framandspråk.

Kvalifikasjonskrav

Godkjent undervisningskompetanse innafor dei aktuelle fagområda på ungdomstrinnet, relevant praksis og erfaring.

Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.

Interesse for kollektiv profesjonsutvikling.

- Evne til å vere ein god klasseleiar
- Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- Evne til å kunne samarbeide og vilje til å dele
- Evne til å ta initiativ og til å bruke handlingsrommet innafor lovverket og skulen sine reglar
- Endrings - og utviklingsorientert
- Evne til å inspirere og motivere

Det er ønskjeleg at søkarar fyller krav til kompetanse for undervisning etter ny kompetanseforskrift.

Det er forventa at søkarar har god IT-kompetanse.

Om deg

Vi treng deg som har engasjement til å skape gode faglege og sosiale lærings- og utviklingsvilkår for barn og ungdom. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og trivs i eit miljø som gjev deg høve til dette. Du vil vere med på å utvikle god klasseleiing med inkludering som hovedfokus, bruk av teknologi i læring og god vurderingspraksis.

Vi tilbyr

Løn etter tariff og lokalt kompetanselønssystem, inntil kr.24.000,-. Kinn kommune har kontaktlærargodtgjersle, på kr. 35.000,- for dei som har den funksjonen. Pensjonsordning i SPK. Startpakke, coaching og rettleiing for nytilsette. Vi er med i lokalt og regionalt nettverksarbeid .

Kinn kommune Kulturbilde