Lærarar - norsksenteret

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger, Fjaler, Sunnfjord, Sogndal Fulltid

Høyanger kommune har ledig inntil 300 % faste stillingar frå 01.08.24. for lærarar på norsksenteret. Undervisning i norsk og samfunnsfag for nykomne flyktningar. Dei som vert tilsett må også ta høgde for å arbeide i grunnskulen då elevtal og behov på norsksenteret vil kunne variere. Dei som vert tilsett må difor ha både godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen og norsk som andrespråk (norsk II).

Vi legg vekt på:

-God relasjonskompetanse

-Fagleg engasjement

-Fleksibilitet

-Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:

-Høve til kompetanseutvikling

-Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.

-Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

-Lønn etter gjeldande tariffavtale

Vi ønskjer søkjarar med kompetanse i norsk og samfunnsfag. Andre fagønskje er engelsk og spesialpedagogikk. God digital kompetanse og erfaring frå klasseleiing er eit føremon.

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.