Lærarar - Høyanger skule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger, Sunnfjord, Fjaler, Sogndal Fulltid

Høyanger skule har ledig 200 % faste lærarstillingar frå 01.08.24.

Dei som vert tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.

Vi legg vekt på:

-God relasjonskompetanse

-Fagleg engasjement

-Fleksibilitet

-Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:

-Høve til kompetanseutvikling

-Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.

-Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

-Lønn etter gjeldande tariffavtale

Den eine stillinga er frå 01.08.24 øyremerkt undervisning for nykomne flyktningar, grunnskuleelevar. (innføringsklasse). Vi ønskjer søkjarar med kompetanse i norsk og samfunnsfag. Andre fagønskje er engelsk og spesialpedagogikk.

Den andre stillinga er øyremerkt 1-4, begynnaropplæring.

God digital kompetanse og erfaring frå klasseleiing er eit føremon.

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.