Luster kommune Hovedbilde

Lærar vaksenopplæring

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

Luster vaksenopplæring har ledig 100% vikariat som lærar i perioden 15.11.22-31.10.23, med moglegheit for forlenging.

Vaksenopplæringa ligg i Gaupne, og tilbyr opplæring i norsk, samfunnskunnskap og livsmeistring for vaksne flyktningar og innvandrarar i Luster kommune.

Vaksenopplæringa er organisert som ein avdeling i NAV Luster og består av 5 tilsette. Dei tilsette samarbeider tett i team mef flyktningtenesta som og er organisert under NAV Luster.

Arbeidsfeltet vårt er stadig i endring og krev medarbeidarar som evnar å stå i endring, og som bidre til utvikling av tenestene våre.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i norsk som andrespråk, samfunnskunnskap og livsmeistring
  • Samarbeid med flyktningtenesta i koordinering av introduksjonsprogram
  • Oppfølging av deltakarar og lokalt næringsliv knytt til språk/arbeidspraksis
  • Sikra deltakarane eit godt, tilpassa undervisningstilbod i trygge omgivnader

Kvalifikasjonskrav

  • Kompetansekrav i høve gjeldande lovverk
  • Godkjent pedagogisk utdanning
  • Kompetanse i norsk som andrespråk

Om deg

Personlege eigenskapar vert vektlagde:

  • Høge ambisjonar på vegne av deltakar og deg sjølv
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Meistrar å tilpasse opplegg til den einskilde deltakar
  • Evnar å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er omstillingsdyktig og trivs med å ta del i endringsprosessar
  • Forståing og respekt for menneskelege og etniske skilnader
  • Må kunne framvise gyldig politiattest

Vi tilbyr

  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kompetente og fagleg dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
Luster kommune Kulturbilde