Om stillinga
Vi har ledig 100% fast lærarstilling frå skuleåret 2023/24.
Våge skule er ein 1-10-skule med ca 50 elevar. Skulen er samlokalisert med barnehagen, og har tett kontakt med den. Hos oss blir du ein del av ein spanande arbeidsplass i endring og utvikling.
Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Kvalifikasjonskrav
- Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10, eller andre med godkjend pedagogisk utdanning
- Fagønskje er blant anna undervisningskompetanse i praktisk-estetiske fag, men søkjarar med annan fagkompetanse må gjerne søkje.
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Om deg
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
- Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
- Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag
Vi tilbyr
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
- Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer