Solvorn oppvekstsenter ligg i bygda Solvorn, ei idyllisk perle ved Lustrafjorden. Oppvekstsenteret har barnehage, barneskule 1.-7. trinn og SFO i same bygg. Skuleåret 2023/2024 har skulen 17 elevar fordelt på to grupper; 1.-4.trinn og 5.-7.trinn.
Vår visjon og pedagogiske plattform er at alle ved Solvorn oppvekstsenter skal oppleva meistring kvar dag. Meistring fører til motivasjon, engasjement, involvering, sjølvkjensle, trivsel, ro, interesse, nysgjerrigheit og glede.
Stillingsinformasjon
- Solvorn oppvekstsenter søkjer medarbeidar til inntil 150 % fast stilling som lærar
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på ulike klassesteg på skulen og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk.
Kvalifikasjonar
- Pedagog med GLU kompetanse 1.-7. trinn
- Fagønskje er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, musikk, samfunnsfag, kroppsøving
Personlege eigenskapar
- Positiv og inkluderande
- Samarbeidsfokusert
- Løysingsorientert
- Tek ansvar
- Evne til sjølvstendig arbeid
- Glad i nye utfordringar
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Andre opplysningar
- Dersom det dukkar opp andre ledige stillingar ved ein av skulane i Luster, kan du bli kontakta om desse
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit