Om stillinga
Vil du vera med og skapa ein framtidsretta skule? Lustraskulen treng fleire dyktige og inspirerande lærarar frå 01.08.2023. Saman skal me gje elevane eit trygt skulemiljø, aktive og varierte skulekvardagar og eit godt læringsutbyte.
Lustraskulen er aktiv når det gjeld utviklingsarbeid og har lang tradisjon med fagnettverk og samarbeid på tvers av skulane. Nyutdanna lærarar vert mellom anna følgt opp gjennom eigne samlingar. Større kompetansesatsingar i Lustraskulen dei seinare åra har vore lesing og skriving, inkluderande skulemiljø og psykisk helse. Fleire av skulane har delteke i treårige europeiske samarbeidsprosjekt gjennom Erasmus+-ordninga og i regional kompetanseheving saman med HVL.
Ledige stillingar
- 100 % fast Hafslo barne- og ungdomsskule - mellomtrinn/ungdomstrinn. Fag: Norsk, engelsk, samf.fag
- 100 % vikar Hafslo barne- og ungdomsskule - mellomtrinn/ungdomstrinn, kontaktlærar aktuelt. Inntil 4 vikariat. Fag: Symjing, musikk, kunst og handverk
- 100 % vikar 01.08.23-31.07.24 Gaupne skule - 2.trinn. Fag: Norsk, matematikk, kroppsøving
- 100 % vikar 01.08.23-01.03.24 Gaupne skule - 1.trinn, kontaktlærar aktuelt. Fag: Norsk, matematikk, spes.ped.
- 80 % vikar 01.08.23-31.12.23 Gaupne skule - Ulike klassetrinn. Fag: Matematikk, samf.fag, kroppsøving
- 100 % vikar 01.08.23-29.10.23 Gaupne skule - 4.trinn, kontaktlærar aktuelt. Fag: Norsk, engelsk, musikk
- 100 % fast Indre Hafslo oppvekstsenter 1.-7.trinn, kontaktlærar aktuelt. Fag: Norsk, engelsk, matematikk, kroppsøving, spes.ped., kunst og handverk
- Inntil 100 % fast Indre Hafslo oppvekstsenter 1.-7.trinn, kontaktlærar aktuelt. Fag: Norsk, engelsk, matematikk, kroppsøving, spes.ped, kunst og handverk
- 100 % vikar 01.08.23-31.12.23 Luster ungdomsskule. Fag: Matematikk, naturfag, spes.ped,
- Inntil 110 % vikar Luster ungdomsskule. Fag: Norsk, matematikk, naturfag, KRLE, spes.ped, tysk
- Inntil 70 % fast Veitastrond oppvekstsenter. Fag: Norsk, engelsk, matematikk, kunst og handverk
- Inntil 120 % fast Skjolden oppvekstsenter. Fag: Engelsk, begynnaropplæring norsk og matematikk, IKT
- Inntil 100 % vikar Luster oppvekstsenter. Fag: Norsk, matematikk, kroppsøving, kunst og handverk
- 50-100 % fast Luster oppveksenter. Fag: Spes.ped, kunst og handverk
- 100 % vikar Luster vaksenopplæring - med moglegheit for forlenging
I søknadsskjema kan du velge kva stillingar du vil søkje på.
Av erfaring vil me først ha den totale oversikta over tal stillingar og kvar det er ledig stilling i løpet av våren. Om det skulle verta behov for fleire stillingar enn det som er utlyst i denne hovudutlysinga, vil me kontakta aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga no gjeld med andre ord også for andre ledige stillingar som kan koma til utetter våren. Du kan difor få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.
Arbeidsoppgåver
- planlegging, leiing og oppfølging av elevane si læring
- medskaping av eit trygt og godt skulemiljø
- aktiv deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid
- loggføring og samarbeid på skulen sine digitale plattformar
- samhandling med andre faginstansar
Kvalifikasjonskrav
- godkjend lærarutdanning. For stillingar i barneskulen er det ein fordel med GLU 1.-7. trinn
- godkjend undervisningskompetanse etter fagønske i stillingane
- undervisningserfaring frå barne- eller ungdomsskule er ønskeleg
- erfaring med elevaktiv metodikk og digitale verktøy i læringsarbeidet
- gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
- politiattest av nyare dato
Om deg
- positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- tydeleg og trygg klasseleiing som skapar gode læringsrom
- evne til å skapa gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- fleksibel og løysingsorientert i ein hektisk kvardag
- evne til sjølvstendig arbeid og til å ta ansvar
- godt humør
Vi tilbyr
- spennande og varierte arbeidsdagar
- kunnskapsrike og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- rettleiing for nyutdanna lærarar
- løn og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk