Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
Frå 1. august 2024 har vi ledig ei 100 % fast stilling som lærar ved vaksenopplæringa for framandspråklege.
Vaksenopplæringa underviser i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og skal frå hausten av også tilby grunnskule for vaksne etter opplæringslova. Vi held til i lokala til den tidlegare ungdomsskulen i Dale.
Vi har for tida 36 elevar i vaksenopplæringa og ventar fleire til hausten. I dag har vi ca 2,8 lærarstillingar og vil med dette utvide lærarstaben med ei stilling. Hovudarbeidsområdet for stillinga er tenkt lagt til grunnskuleopplæringa.
Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Stillinga inneheld undervisning av vaksne på grunnskulen sitt område etter læreplanar for førebuande opplæring for vaksne.
Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon.Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.