Hafslo barne- og ungdomskule har ledig inntil 100 % årsvikariat frå 01.08.2024
Arbeidsoppgåver
Undervisning på både barne- og ungdomsskule og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk
Sentrale ansvarsområde:
Undervisning i aktuelle fag og spesialundervisning i enkelte fag og klassar
Klasseleiing
Tilsyn med elevar inne og ute
Loggføring og samarbeid på skulen sine digitale plattformar
Samarbeid med kollegaer og føresette
Delta og bidra i utviklingsarbeid ved skulen
Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer gode klasseleiarar og helst med erfaring frå klasserommet
Må ha kvalifikasjonar som tilfredsstillar kompetansekrava for å undervise i grunnskulen, GLU 1-7 eller GLU 5 –10
Me ynskjer søkjarar med studiekompetanse på minst 30 studiepoeng i norsk, matematikk, engelsk
Personlege eigenskapar:
Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
Delta i teamsamarbeid og vere samarbeidsfokusert
Engasjement for, og evne til, å samarbeide med elevar, kollegaer og føresette
Evne til å sjå barna sine behov og engasjement for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
Fleksibilitet- vere løysningsorientert i ein hektisk kvardag
Ta ansvar, syne omsorg og respekt for kvarandre
Evne til sjølvstendig arbeid
Me tilbyr:
Teamsamarbeid med fokus på kvarandre sine styrker. Ingen skal stå åleine i utfordringane
Eit utviklande fagmiljø som er flinke til å samarbeide og dele med kvarandre
Arbeidsplass i opent kontorlandskap
Klasseteam der ein samarbeider tett
Gode og romslege lokalitetar både inne og ute
Indre Sogn sitt flottaste personalrom
Nyutdanna og nytilsette vert godt ivareteken med nedsett leseplikt og mentor
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
Dersom det dukkar opp andre ledige stillingar ved ein av skulane i Luster, kan du bli kontakta om desse
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit