Utvikle landbruk og bioøkonomi i Sogndal / Bergen Bilde

Kunderådgjevar landbruk og bioøkonomi i Vestland

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Utvikle landbruk og bioøkonomi i Sogndal / Bergen Innovasjon Norge Vestland Fulltid

Innovasjon Noreg Vestland (IN) har flinke medarbeidarar som går ut i pensjon, og vi ser difor etter deg som ønsker å være med i utviklinga av landbruk i regionen vår.

Du vil jobbe med å realisere moglegheiter for våre kundar innanfor landbruk, der hovudfokuset er berekraftige prosjekt. Ved å snakke med kundar om deira behov, vil du produsere grunnlag for å avgjere om vi kan tilby finansielle tenester slik at dei får moglegheit til å realisere sine prosjekt.

Du vil også jobbe med å marknadsføre våre tenester og tilbod, følgje opp kundar over tid, og jobbe med dyktige kollegaer og samarbeidspartnarar internt og eksternt, slik at vi saman tek vare på vårt viktige samfunnsoppdrag. Det er mykje som hender innan landbruk i Vestland, og vi ønsker deg med på laget!

Ønska kompetanse:

  • Relevant utdanning innan landbruk og/eller økonomi
  • Erfaring frå arbeid med landbruksfag og økonomi (gjerne i kombinasjon med praktisk erfaring frå landbruk og forståing av landbrukspolitikk) kan kompensere for utdanning.
  • Kunnskap om å vurdere eller påverke søkar sin langsiktige ambisjon, og aktuelle strategiar for å kunne realisere det kommersielle potensialet hjå søkar.

Vi ser for oss at du har minimum fem års relevant arbeidserfaring, men vi vil vurdere kandidatar med kortare erfaring dersom utdanninga er særskilt relevant.

Som person:

  • har du ein strukturert tilnærming til arbeidet ditt
  • trivst du med sjølvstendig arbeid, men du set også pris på teamarbeid og kunnskapsdeling
  • er du ein tydeleg formidlar, og du er god til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • har du ein målretta og løysingsorientert inngang til nye problemstillingar og oppgåver
  • er du analytisk anlagt, og du evner å komme raskt til kjernen i for eksempel kunden sine behov og problemstillingar
  • er du nyfiken og har eit genuint ønske om å utvikle deg

Vidare har du interesse for ny teknologi og utvikling i landbruket.

Arbeidsstad: Bergen eller Sogndal.

Søknadsfrist: 27. november 2023.

Ytterlegare informasjon får du hjå fagansvarleg teamleiar Kari Elsa A. des Bouvrie 458 50 058, eller avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452.

Kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i, vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i INs samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.

Innovasjon Noreg ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, perspektiv, alder, kjønn og livserfaring. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi vil oppfordre personar med innvandrarbakgrunn, nedsatt funksjonsevne eller tomrom i CV-en til å søke. Kjenner du deg igjen i ein av disse kategoriane, kan du krysse av i søknaden. Søknader vert handsama etter kvart som dei vert tatt i mot. Innovasjon Noreg vil gjere bakgrunnsjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som går fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnsjekk vil vi ikkje gjennomføre utan samtykke frå søkar, og aktuelle søkarar vil få informasjon om dette.

Foto: GettyImages