Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Kundekonsulent med IT-glød | Sognenett | Sogndal | Fulltid |
Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.
Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear – også dei litt sprø.
Her får du:
Som kundekonsulent hjå oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett og strøymetenester – til løysingar og support innan IT.
Du blir den som får kundane til å smile og teknologien til å fungere.
Du lyttar, forklarar, finn løysingar og bidreg til å skape wow-opplevingar i alle kanalane me brukar: telefon, e-post, chat – og av og til ute hjå kundane. Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre, anten det handlar om internett, TV, eller IT-løysingar.
I tillegg vil du:
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du:
Har du erfaring frå kundesenter, IT, sal eller liknande? Supert! Har du ikkje det, men kjenner du passar inn? Me høyrer gjerne frå deg uansett.
Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg gjerne ved CV og vitnemål, men det viktigaste er at me får eit godt inntrykk av deg som person.
Søknadsfrist: 25.05.2025 - aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande
Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn – og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 18 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte. Mantraet vårt?
Meir fart. Meir moro.