Sognenett Hovedbilde
Sognenett

Sognenett

Dalavegen 25, 6856 Sogndal, Norge

http://www.sognenett.no

jobb@sognenett.no

Kontakt

Sognenett

jobb@sognenett.no

951 92 222

Om oss

Sognenett er eit lokalt forankra breibandselskap som satsar stort på fiber og er i dag den største fiberleverandøren i Sogn.

Over 90 % av alle kundane våre er oppkopla på fiber, og det vert stadig fleire. Der me endå ikkje kan levere fiber tilbyr me internett gjennom radioteknologi (breiband gjennom lufta). Sognenett er òg Get-partnar og samarbeider om TV-distribusjonen ut til våre kundar.

Selskapet er i sterk vekst og kåra Gasellebedrift i 2014, 2015 og 2016. Ved hovudkontoret i Sogndal har våre 20 tilsette ansvar for eit breitt fagfelt innan alt frå drift og utvikling, til kundeservice og sal.

Det beste med å jobbe med oss

Me i Sognenett er på utkikk etter deg. Me ynskjer å oppleva den ambisiøse og lidenskapelege deg som finnast akkurat her, akkurat no. Hjå oss jobbar me som eitt team, og saman tek me i bruk teknologi og teknisk kompetanse for å gjere kundeopplevinga endå artigare. Samtidig set me fart på Indre Sogn.

I flotte kontorlokale sentralt i Sogndal er ingen idè dum og alle idear verd å utforske. Her vert ein oppmuntra til å tenkje nytt!

Om du kjenner deg att i mantraet vårt "Meir fart, meir moro!" tek me gjerne ein prat med deg.

Ledige stillingar