
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Kommunepsykolog | Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |

Vil DU vere med å etablere rask psykisk helsehjelp?
Vil DU vere med å vidareutvikle helse og omsorg i Sogndal kommune?
Sogndal kommune skal yte gode og likeverdige tenester. Vi skal nå nasjonale målsetjingar og måla i samfunnsplanen for kommunen. Kommunen treng å styrke det psykiske helsearbeidet og skal rekruttere psykolog til 100% fast stilling som kommunepsykolog i helse og omsorg, psykisk helse og rus.
Kommunepsykolog i helse og omsorg skal vere med å etablere det kommunale behandlingstilbodet rask psykisk helsehjelp for ungdom og vaksne over 16 år. Der nye tenestetilbodet skal bidra med hjelp ved milde til moderate angst- og depresjonsplagar, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblematikk. Tilbodet baserer seg på kognitiv åtferdsterapi, og tilbyr rettleiing i bruk av sjølvhjelpsmateriell, kurs-/grupper og individuell samtaleterapi av relativt kort varigheit. Stillinga utgjer 50%. Ein må gjennomføre vidareutdanning innan rask psykisk helsehjelp gjennom norsk foreining for kognitiv terapi. Dei resterande 50% av stillinga skal nyttast inn mot heile helse og omsorgssektoren, der døme på arbeidsoppgåver vil vere folkehelsearbeid, deltaking i kommunale planar og prosjekt samt rettleiing av tilsette og grupper i sektoren.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Til informasjon har Sogndal kommune ein 100% stilling som psykolog innanfor sektor Oppvekst. Du vil derfor kunne få tilgang til samarbeid, kollegastøtte og eit fagmiljø på tvers av sektor.
Ein må pårekna noko reiseverksemd.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Send søknad