Stad kommune har ledig fast stilling som kommunedirektør frå 1. desember 2023.
Stad kommune vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Verdiane til kommunen er nær - raus - skapande - helhjarta.
Kommunedirektøren i Stad kommune må ha fokus på leiing, samhandling, nærdemokrati og organisasjons- og kulturbygging.
Ei viktig oppgåve i åra framover vil vere å balansere ei berekraftig drift med omsyn til økonomi og tenestekvalitet. Det vil vere særs viktig å leggje til rette for eit godt og tillitsfullt samspel mellom politikk og administrasjon og kunne samarbeide godt med tilsette, tillitsvalde, politikarar, næringsliv og innbyggjarar.
Vi søker ein framtidsretta leiar som vil bidra til innovasjon og utvikling av framtidsretta løysingar basert på digitalisering og teknologibasert utvikling
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle ein kompetent organisasjon
- Styrke omdømmet vårt som ein attraktiv kommune for tilsette og innbyggjarar
- Ha god økonomistyring som sikrar effektiv drift, rett tenestenivå og økonomisk handlingsrom
- Utarbeide gode grunnlag for politiske avgjersler, iverksette og følge opp politiske vedtak
- Bygge tillit, godt omdøme og ein sterk organisasjonskultur
- Føre vidare eit godt og tillitsfullt partssamarbeid med dei tilsette sine organisasjonar
- Bidra til å styrke interkommunalt og regionalt samarbeid
- Syte for gode og trygge tenester for innbyggjarane
- Vere ein pådrivar og tilretteleggar for lokal samfunnsutvikling med gode tenester til innbyggarane
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning
- Du har relevant leiarerfaring frå offentleg sektor
- Du har god økonomiforståing og eit strategisk overblikk
- Du har god kjennskap til kommunesektoren og god rolleforståing
- Du kan vise til gode resultat i møte med aktuelle utfordringar og har eit heilskapleg og tverrsektorielt perspektiv
- Du har kunnskap om gjennomføring av utviklings- og omstillingsarbeid
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg, synleg og samlande som leiar
- God evne til samhandling, kommunikasjon og relasjonskompetanse
- Analytisk og strukturert med eit heilhjarta og overordna perspektiv
- God evne til å skape tillit, motivasjon og engasjement
- Systematisk og med god evne til å gjere rette prioriteringar i forhold til politiske styringssignal
- Høg grad av integritet, stor arbeidskapasitet, evne til å arbeide under press og kunne ta vanskelege avgjerder
- Du er analytisk, strukturert og med eit heilskapleg og overordna perspektiv
Vi tilbyr
- Ei spanande toppleiarstilling i ein spanande kommune
- Vi tilbyr tett og god dialog med politisk styringsnivå
- Godt arbeidsmiljø med mange dyktige leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde
- Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gunnar Silden, Ordførar i Stad kommune, 913 29 996, Gunnar.Silden@stad.kommune.no