Luster Sentralkjøken held til på Gaupne omsorgssenter og lagar all mat til brukarane på Luster, Gaupne og Hafslo omsorgssenter, samt heimebuande i kommunen.
Stillingsinformasjon
Luster kommune søkjer kokk i fast 80 % stilling til Sentralkjøken Gaupne.
Arbeidsoppgåver
Produksjon av mat etter kok og kjøl prinsippet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som institusjonskokk/kokk, andre med relevant erfaring kan søke
- Relevant praksis
- Evne til å arbeide aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit