Karriererettleiar Bilde

Vil du bli del av eit fagleg sterkt miljø i Karriere Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Karriererettleiar Vestland fylkeskommune Bergen Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Evelyn Jordahl
91 84 33 26

Søknadsfrist

13. september 2024 Søk på stillinga her

Vestland fylkeskommune har etablert eininga Karriere Vestland, eit offentleg tilbod om gratis og
profesjonell karriererettleiing i tråd med nasjonale retningsliner.

Karriere Vestland tilbyr karriererettleiing til vaksne over 19 år og karriererettleiing til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunar i Vestland fylke. Karriere Vestland arbeider i tråd med Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing i Noreg.

Vi er eit kompetansesenter innan karriererettleiing og har samarbeid med mange ulike aktørar.

Karriere Vestland har kontorplass i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord.

Vi ser etter ein dyktig medarbeider for eit engasjement på 12 månader som karriererettleiar.

Hovudoppgåver:

  • Gje individuell karriererettleiing til vaksne over 19 år, ved fysisk oppmøte på lokasjon, på telefon og på video.
  • Andre oppgåver knytt til karriererettleiing av vaksne kan bli tillagt stillinga.

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant universitets-/høgskuleutdanning på masternivå. Søkjarar med utdanning på bachelornivå med relevant erfaring kan vere aktuelle for stillinga, men vil i så fall bli tilsett som spesialkonsulent, og ikkje som rådgjevar.
  • erfaring med karriererettleiing
  • god digital kompetanse
  • personlege eigenskaper vert vektlagd

Det er ein føremon med

  • karriererettleiing i grunnutdanning eller i etter- og vidareutdanning
  • rettleiingserfaring frå arbeid med minoritetsspråklege, flyktningar eller innvandrarar
  • sertifisering innan eit eller fleire karriereverktøy som til dømes InFlow24 og Karriereverktøy

Vi ser etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
  • har gode kommunikasjonsevner og god formidlingsevne
  • har stor arbeidskapasitet, er effektiv og strukturert
  • er lærevillig, løysingsorientert og fleksibel
  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • kan handtere uventa hendingar i eit dynamisk miljø

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving
  • Stimulerande og innovativt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid