Jobbspesialist Bilde

Jobbspesialist

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Monica Osvold
900 95 171

Søknadsfrist

13. juni 2024 Søk på stillinga her

NAV Nordfjord søkjer ein motivert, energisk og uredd jobbspesialist til eit engasjert team på fire.

Ein jobbspesialist gjev tett og individuelt tilpassa oppfølging av jobbsøkjar og har nær kontakt med arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Jobbspesialisten arbeider etter metodikken Supported Employment (SE). SE er jobbstøtte tilpassa den enkelte arbeidssøkar, slik at hen vil kunne få og behalde jobb.

Som jobbspesialist har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbygger som vil jobbe med rekruttering. Du har tru på at alle menneske, til tross for fysiske- og psykiske helseplager og/eller andre utfordringar, både kan få og holde på ein ordinær jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge jobbsøkjar sine interesser og eigenskapar

  • Oppsøkje bedrifter og byggje nettverk

  • Engasjere og motivere jobbsøkjar og arbeidsgjevarar

  • Følgje opp deltakar i studie eller jobb

  • Vere ansvarleg for framdrift i eigen portefølje

  • Dokumentere og rapportere i NAV sine fagsystem

Kvalifikasjonar

Krav

  • 3-årig høgare utdanning frå høgskule/universitet.

  • Førarkort klasse B og tilgang til bil

  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, samt gode digitale ferdigheiter

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå oppfølgingsarbeid over tid

  • Kjennskap til arbeidsmarkedet og utdanningsmuligheter i regionen

  • Erfaring med Supported Employment-metodikk

Personlege eigenskapar

  • Har tru på at alle menneske kan skaffe og behalde arbeid

  • Har vilje og motivasjon til å drive oppsøkande verksemd

  • Har gode sosiale ferdigheiter og evner å skape tillit

  • Har evne til å jobbe resultatorientert

  • Har evne til å handtere høgt arbeidstempo og tole uforutsigbarheit

Du vil i jobben møte mennesker med ulike utfordringar, og personlege eigenskapar vil vektleggast.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

  • Meiningsfylte oppgåver knytt til eit viktig og spennande samfunnsoppdrag

  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønspennet er per no kr. 485 400 - 569 100 i stilling med krav om 3-årig U/H utdanning. Løna vil bli endra etter årets lønsforhandlingar frå 01.05.2024

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.