Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune Bilde

Bli med og gjer ein skilnad for 630 000 innbyggarar i Vestland!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune Vestland fylkeskommune Fulltid

Hos oss er moglegheitene mange, og her møtast menneske med stort mangfald og ulik kompetanse. Saman utviklar vi Vestland til ein stad det er godt å leve, arbeide og bu – i dag og for framtida. Sjå alle våre ledige stillingar!

Eit hav av moglegheitar

Vi har ansvar for viktige samfunnsoppgåver og jobbar for å utvikle Vestland kvar dag. Det gjer vi i samarbeid med andre offentlege verksemder, lokalt næringsliv, foreiningar, lag og organisasjonar. Og sjølvsagt saman med innbyggarane våre. Målet er å skape eit fylke der det er godt å bu og lett å trivast.

Ein jobb hos oss er eit hav av moglegheiter. Om lag 4000 av oss jobbar ved ein av dei 42 vidaregåande skulane våre, og om lag 600 jobbar ved ein av dei 55 tannklinikkane vi har over heile fylket.

I fylkesadministrasjonen er det arbeid innanfor alle interesseområde. Her jobbar om lag 1100 personar.

Vi har administrasjonsstadar i Bergen, på Leikanger og i Førde.

Stort mangfald

I fylkesadministrasjonen har vi sju avdelingar, og her er det alt frå juristar, teknologar, IKT-utdanna, historikarar, samfunnsvitarar, kommunikasjonsrådgjevarar, økonomar, ingeniørar, arkeologar, psykologar og mykje, mykje meir!

I alle avdelingar vil du få kollegaer i alle aldrar og i ulike fasar av karrieren sin. Her kan du knyte kontaktar for livet, og det er mange gode moglegheitar for å utvikle karriera di!

Mange har også tett samarbeid med eksterne aktørar og samabeidspartnarar.