
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| JavaScript/Reactutviklar | Highsoft AS | Vik, Bergen, Sogndal | Fulltid |

Highcharts starta som eit lite hobbyprosjekt for å vise snødjupna på Vikafjellet.
I dag har det vakse til å bli verdas mest brukte bibliotek for datavisualisering – brukt av 80 av dei 100 største selskapa i verda. I Highsoft lagar vi verktøy utviklarar faktisk likar å bruke. Vi jobbar tett på produktet. Tett på koden. Tett på kvarandre. Her går idear frå tidlege tankar → til faktiske funksjonar → til noko utviklarar over heile verda brukar.
Som JavaScript/Reactutviklar hjå oss blir du ein del av eit team som jobbar på tvers av produkt, design og utvikling for å vidareutvikle Highcharts – spesielt innan React.
Du jobbar med ekte produktutvikling, ikkje berre små, isolerte oppgåver. Du er med på å lage ny funksjonalitet, forbetre det vi allereie har, og sikre høg kvalitet heile vegen.
Her vil du skrive, teste og feilsøkje kode, og du balanserer brukarane sine behov med produktretning. Du omset design og krav til solide tekniske løysingar, og er med på tekniske val og arkitektur saman med teamet.
Vi likar folk som tek eigarskap, er nysgjerrige og bryr seg om sluttresultatet. Ikkje berre korleis koden ser ut, men korleis den faktisk blir brukt.
Du kjem til å:
Ein stor del av rolla handlar om Reactsida av Highcharts, og å gjere det endå betre for utviklarar som brukar React.
Vi ser etter deg som likar å byggje ting folk faktisk brukar, og som føretrekker å løyse reelle problem framfor teoretiske øvingar.
Du er komfortabel med å ta ansvar for arbeidet ditt, og du er genuint nysgjerrig på brukarane og korleis det du lagar påverkar dei.
Du trivst med å jobba tett på andre, deler gjerne idear og erfaringar med kollegaane dine, og du har eit ønskje om å halda fram med å læra og utvikla deg undervegs.
Du har:
Kjekt å ha (men ikkje krav):
Vi er fleksible på nivå og du treng ikkje vere senior for å søkje.
Dersom du er komfortabel med React, har eit solid grunnlag og lyst til å utvikle deg så vil vi veldig gjerne høyre frå deg.
Hjå oss får du ein kvardag der det er lett å få ting gjort. Ikkje fordi det er lite å gjere, men fordi vi jobbar tett, stoler på kvarandre og tek avgjerder utan unødvendig styr. Du blir ein del av eit miljø der folk samarbeider. Vi deler kunnskap, diskuterer løysingar og hjelper kvarandre fram.
Samtidig har du god fridom i kvardagen. Vi har fleksibel arbeidstid med kjernetid frå 09:30–14:30, og hybrid arbeidsløysing der du kan veksle mellom kontor og heimekontor. Vi tilbyr òg workaway nokre veker i løpet av året, om du vil ta jobben med deg i sola eller på hytta. I Highsoft trur vi på tillit og eigarskap, og gir deg rom til å jobbe slik det passar deg, så lenge du bidreg i teamet og får ting gjort.
Og ja, kvardagen er ganske fin òg. Kaffi i sofaen, dartkampar som blir litt for seriøse, og ein sosial, uformell tone der det er lov å vere seg sjølv.
Kort sagt: Du får både påverknad, tillit og eit miljø det faktisk er kjekt å vere ein del av.
Klar for ein prat?
Vi prøver å halde prosessen enkel og ryddig:
Søknadsfrist: 15. mai 2026.
Har du spørsmål rundt stillinga kan du ta kontakt med Product Manager, Stian Totland, på +47 977 51 565 / stian.totland@highsoft.com.
