Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
IT-interessert med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne? | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingEr du ein person som likar å jobbe med menneske, og er nysgjerrig på korleis vi kan bruke teknologi for å effektivisere og automatisere oppgåver og prosessar? Då vil eininga vår for IT- og dokumenthandtering meir enn gjerne høyre frå deg.
Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er reservert for søkarar med høgare utdanning som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Her finn du informasjon om statens traineeprogram.
Eininga for IT- og dokumenthandtering jobbar med drift og utvikling av IT system, lagring og arkivering av dokument. Vi jobbar kontinuerlig med å betre og forenkle standard oppgåver, samt administrative prosessar med ny og moderne teknologi.
Du må gjerne komme med forslag til løysingar og utfordre korleis ting blir gjort i dag . Dine tankar og innspel er viktige i prosessen og blir godt tatt imot. Vi har ikkje fasiten på korleis arbeidet skal gjennomførast, men vi trur at vi kjem langt på veg ved å vere nysgjerrige, og ved å prøve og feile. Vi meiner at det er viktig at vi saman finn ut av endringar, og at vi kontinuerleg tilpassar oss nye krav og moglegheiter.
Microsoft sin Power Platform tilbyr mange spennande verktøy som kan hjelpe oss med å få dette til, mellom anna Power Apps, Power Automate, Power BI eller Sharepoint Online. Dette er den vegen vi vil gå, og då treng vi hjelp frå deg som kan støtte oss i dette arbeidet. Det er ingen krav om kjennskap til desse verktøya frå før. Det viktigaste er at interessa og nysgjerrigheita er på plass. Alt kan lærast.
Vil du vere med oss på denne vegen? Då håpar vi at du søker stillinga hos oss!
Til jobben treng vi deg som har høgare utdanning på høgskule/universitetsnivå på minimum bachelor nivå.
For å bli vurdert til stillinga, må du stadfeste at du er i målgruppa, ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.
Her finn du definisjon på nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
I tillegg tilbyr vi:
Lønn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.