Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
INTERN UTLYSNING
Heimetenesta har ledig 100% vikariat som avdelingsleiar ved avdeling Bryggja frå 01.09.23- 01.09.2024. Mogleik for tidlegare oppstart, og for forlenging av vikariat dersom behov.
Stillinga er organisert med 40% ( omkring 2 dagar i veka) dagarbeidstid avsett til leiaroppgåver og administrativt arbeid , 40% arbeid i turnus tilsvarande tredje kvar helg og 20% frie timar.
Avdelingsleiar er organisert under felles einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta innebær ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få mogleik til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir tenester til heimebuande i heile kommunen. Vi gir mellom anna praktisk bistand, heimesjukepleie og lindrande behandling. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer akkurat deg med på laget! Dersom du vil jobbe på tvers av våre einingar og/eller avdelingar, vil vi prøve å legge til rette for deg!
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.
Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du vil få bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Stad kommune er i ein større omstillingsprosess. Helse og omsorgstenestene har pågåande fleire prosjekt knytt til dette for å evaluere og justere tenestene der dette er formålstenleg. Heimetenesta er ein del av denne omstillinga. Målet er å sjå om tenestene er organisert på ein bærekraftig og effektiv måte, som også tek høgde for økonomisk gevinst.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi ber om referansar av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!