Fjord1 AS Hovedbilde

Bygg struktur. Skap gjennomslag. Forankre framtida.

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Innkjøpsleiar Fjord1 AS Kinn Fulltid
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Daniel Klakegg Dvergsdal
904 79 470

Søknadsfrist

14. juni 2025 Søk på stillinga her

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit framoverlent selskap, med store ambisjonar for framtida.

Innkjøpsleiar

Etter fleire år med verdifull innsats og godt leiarskap skal vår noverande innkjøpsleiar trappe ned. Vi søkjer difor ein ny leiar som kan vidareutvikle og styrkje innkjøpsfunksjonen i selskapet. Rolla er sentral i arbeidet med å sikre gode innkjøpsprosessar, kontroll og samarbeid på tvers av fagmiljø og leverandørar – og gir deg høve til å påverke både økonomi, kvalitet og samfunnsansvar i leveransane våre.

Vi ser etter ein leiar som tek aktivt leiarskap i å løfte innkjøpskompetansen i selskapet. Du må vere ein tydeleg pådrivar for struktur og forankring, men også bidra til betre forståing og profesjonalisering av innkjøp – særleg i grenseflata mot tekniske fagmiljø.

Stillinga rapporterer til økonomidirektør og har arbeidsstad ved hovudkontoret i Florø. Du vil leie eit team på tre innkjøpsrådgjevarar og samarbeide tett med både drift, teknisk, prosjekt og administrasjon.

Kvifor Fjord1?

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transportsektoren. Vi kombinerer lange maritime tradisjonar med modernisering, teknologi og framtidsretta drift. I rolla som innkjøpsleiar får du høve til å ta ansvar for eit område som er viktig for selskapet – både operativt og strategisk – og til å vidareutvikle eit fagmiljø med stor verdi for heile organisasjonen.

Dine ansvarsområde

Som innkjøpsleiar vil du få eit breitt ansvar som spenner frå overordna strategi til tett samhandling med linjeorganisasjonen. Du skal vere ein nøkkelperson i arbeidet med å profesjonalisere og forankre gode prosessar – og byggje eit fagmiljø det er lett å samarbeide med.

  • Utvikle og gjennomføre ein samla strategi for innkjøp og anskaffingar
  • Forhandle og forvalte rammeavtalar med mål om å optimalisere vilkår og sikre auka kommersiell verdi for selskapet
  • Vidareutvikle gode prosessar, struktur og rolleavklaringar i innkjøpsarbeidet
  • Følgje opp leverandørar og bidra til god kontraktshandtering
  • Vere rådgjevar og støttespelar for leiarar og fagmiljø i strategiske og langsiktige innkjøp
  • Leggje til rette for etterleving av krav innan samfunnsansvar, åpenheitslova og ESG
  • Leie og utvikle medarbeidarane i innkjøpsavdelinga

Kven er du?

Du har solid innsikt i innkjøpsfaget og forstår kva som skal til for å balansere struktur og samarbeid i ein kompleks organisasjon. Du trivst med å arbeide heilskapleg, byggje relasjonar og ta ei aktiv rolle i vidareutvikling av prosessar og kultur.

Vi trur du har:

  • Brei erfaring med innkjøp, kontraktshandtering og forhandling
  • God forretningsforståing og evne til å tenkje struktur og samanheng
  • Erfaring med å følgje opp krav og dokumentasjon knytt til berekraft, åpenheitslova og etiske retningslinjer
  • Erfaring frå større eller komplekse organisasjonar
  • Gjerne erfaring med digitalisering av innkjøpsprosessar, kategoriarbeid og systemimplementering

Eit mannskap for alle

Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

Er du klar for å ta leiarskap for framtidas innkjøpsarbeid i Fjord1?
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett. Send oss ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Vi håpar du ser det same potensialet i rolla som vi gjer.

Om dette verkar interessant, ta gjerne kontakt med ein av rådgjevarane våre i Visere AS: Daniel Klakegg Dvergsdal på telefon 904 79 470 eller Asbjørn Grini på telefon 917 94 825. Vi ser fram til å motta søknaden og CV-en din så snart som mogleg.

Fjord1 AS Kulturbilde