Om stillinga
Det søkast etter ein dyktig og engasjert medarbeidar med relevant erfaring og interesse for forebyggande og miljøretta folkehelsearbeid
Arbeids- og ansvarsområde:
Ansvarsområdet er å ivareta lovpålagte oppgåver innanfor Folkehelselova sitt kapittel 3 om miljøretta helsevern, samt tobakkskadelov og strålevernlov. Dette på vegne av kommunane i Indre Sogn gjennom interkommunalt samarbeid i Miljøretta helsevern Indre Sogn (MHV). Vertskommune er Sogndal.
MHV består av fem kommuneoverlegar og to ingeniørar/rådgjevar. Vi har eit stort fagfelt og utøver saksbehandling og rådgjeving innan blant anna støy, forureining, radon, hygiene, inneklima med meir:
- Gjennomføre tilsyn ved melde- og godkjenningspliktige verksemder som skular, barnehagar, basseng, tatoverings- og holtakingsverksemder, frisørar, hudpleieverksemder, campingplassar med fleire
- Utfører tekniske undersøkingar/målingar av inneklima, belysningsstyrke og støy
- Behandle klagesaker frå innbyggarar eller verksemder
- Medverke til at helsemessige omsyn blir ivareteke av andre myndigheiter, verksemder og i kommunal planlegging
- Utarbeide informasjon til publikum
- Rettleiing til innbyggjarar, verksemder og andre fagmyndigheiter om helsemessige forhold
- Bidra til vedlikehald og oppdatering av kvalitetssystem
- Utarbeide og revidere faglege prosedyrar fortløpande etter behov
Kvalifikasjonar:
- Relevant teknisk-naturvitskapleg eller helsefagleg universitets eller høgskuleutdanning, gjerne med kompetanse innan smittevern, folkehelse, forvaltning m.m.
- Ønskjeleg med relevant erfaring innanfor miljøretta helsevern eller HMS-arbeid, yrkeshygiene, internkontrollsystem, systemrevisjon/tilsyn, risikovurdering og liknande
- Ønskjeleg med kunnskap om sakshandsaming, forvaltningslov og anna regelverk som ligg til grunn for god sakshandsaming
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Ha god lov- og rolleforståing, og evne å forstå balansen mellom service og myndigheitsutøving
- Gode samarbeidsevner
- Høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert, effektivt og sjølvstendig
- Evne til raskt å sette seg inn i et fagområde og kunne bruke kunnskapen i arbeidskvardagen
- Fleksibel og løysningsorientert, med pågangsmot og evne til å ta initiativ
- God formuleringsevne i norsk skriftleg og munnleg
- Like utfordringar, være utåtvent og «robust»
Lønn- og arbeidsvilkår:
- Lønn etter avtale
- Fast tilsetjing
- Det må påreknast ein del reising og søkjar må ha gyldig førarkort, samt bør kunne disponere eigen bil til bruk i tenestekøyring. Bilgodtgjersle etter statens satsar
- Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning (KLP)
- Arbeidsstad: Sogndal kommune, per i dag Sogndal sentrum.
Vi tilbyr:
- Ein interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for læring og fagleg utvikling
- Fast tilsetjing
- Fleksibel arbeidstid
- Pensjons- og forsikringsordning
- Moglegheit for noko heimekontor
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.