Ingeniør veg, vatn og avløp 100 % fast stilling - 2. gongs utlysing Bilde

Ingeniør veg, vatn og avløp 100 % fast stilling - 2. gongs utlysing

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid
Fjaler kommune Logo

Fjaler kommune

Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Connie Hovland
91682017

Søknadsfrist

28. januar 2024

Som vår nye kollega ved teknisk kontor vil du få overordna fagansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp. Dette er ei spanande stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som har erfaring innan vatn og avløp, er innovativ og har stort engasjement for faget.

I kommunal VVA forvaltning skal ein handtere store verdiar, og som tilsett hos oss vil du bli involvert både i planarbeid og i ulike samarbeidsfora internt. Prosjektleiing vil i tillegg til forvaltning og drift utgjere ein viktig del av stillinga, då kommunen har fleire større og mindre prosjekt innan veg/bruer og VA-området dei komande åra. Det er difor ønskjeleg med erfaring frå prosjektstyring.

På teknisk kontor vil du jobbe blant mange dyktige kollegaer, og vi ser fram til å få ny kompetanse på plass for å løyse dei viktige oppgåvene våre. Om du finn stillinga interessant så håper vi du tek kontakt med oss , og at du sender oss ein søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sin infrastruktur innan veg, vatn og avløp
  • Utarbeiding og oppfølging av kommunen sine hovudplanar og rutinar innan fagområdet
  • Prosjektleiing
  • Saksbehandling
  • Planlegging og oppfølging av kommunen sine drifts- og vedlikehaldsoppgåver i tett samarbeid med driftsleiar
  • Tett samarbeid med plan- og byggesaksingeniørar
  • Andre oppgåver i avdelinga
  • Koordinerande ansvar innan forvaltning, drift og vedlikehald kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning som sivilingeniør/ingeniør innan VVA område
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Relevant kompetanse og erfaring innan VVA
  • Kompetanse og erfaring frå prosjektleiing og offentleg anskaffing
  • Erfaring innan offentleg forvaltning
  • God økonomisk forståing
  • Kjennskap til kartverktøy og generelt gode datakunnskapar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og gode samarbeidseigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sørvisinnstilt, positiv og initiativrik

Vi vektlegg om ein er personleg egna for stillinga

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.