IKT-konsulent/rådgjevar Bilde

IKT-konsulent/rådgjevar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid
Luster kommune Logo

Luster kommune

Rådhusvegen 1
6868 Gaupne
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagleg leiar - Stein Mortensbakke
970 52 233

Søknadsfrist

20. februar 2024 Søk på stillinga her

SySIKT er IKT-samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og er med sine 20 tilsette blandt dei største og leiande IKT- miljøa i Sogn og Fjordane. Samarbeidet har som overordna visjon å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi til å skape kvalitativt gode tenester. SYSIKT har ansvar for felles datasenter, nettverks-infrastruktur og drift av IKT i kommunane

Vi søker etter ein utviklings- og resultatorientert person til stilling som IKT konsulent/ IKT rådgjevar for å ivareta eit eller fleire IKT-områder:

  • nettverksteknologi (LAN/WAN, WLAN)
  • microsoft-teknologi generelt (AD/Azure/Entra, Office 365, SCCM)
  • klientarkitektur
  • helpdesk/teknisk driftstøtte
  • sikkerhet – gjerne god kunnskap om GDPR

Det må reknast med endringar i tråd med IKT strategi som IKT styre legg til grunn.

Kontorstad er Gaupne i Luster kommune i 100 % fast stilling. Alternativt kontor kan vere i Førde i Sunnfjord kommune.

Vi ønsker at du har:

  • relevant erfaring
  • relevant utdanning
  • førarkort klasse B
  • god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • fokus på løysingar

God generell teknologiforståing og erfaring frå drift er ein fordel.

Vi søker deg som:

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er målretta og resultatorientert
  • er engasjert og initiativrik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper

Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt i vurderinga.

Vi kan tilby:

  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode pensjon og forsikringsordningar
  • gode vilkår for utvikling og kompetanseheving

Vi er ute etter riktig person for jobben og oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje oppfyller alle våre ønsker.

Luster kommune Kulturbilde