Vi søker deg som brenn for næringsutvikling og innovasjon Bilde

Vi søker deg som brenn for næringsutvikling og innovasjon

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hub for Ocean Kinn Fulltid
Hub for Ocean Logo

Hub for Ocean

Fugleskjærgata 16
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Stein Kvalsund
97698785

Søknadsfrist

30. mars 2023

Om stillinga

Vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle det regionale nettverket Hub for Ocean. Er du ein god relasjonsbyggar som evner å omsette ord til handling? Då kan du vere den vi er på jakt etter!

Hub for Ocean (HfO) er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane. HfO driv også programmet Ocean Hyway Cluster (OHC), som er Norges leiande industriklynge med fokus på maritim bruk av hydrogen. Samla har vi over 120 medlemmer i nettverket, og vi jobbar med prosjekt og aktivitetar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe med næringsutvikling og innovasjonsaktivitetar - evner å omsette ord til handling
  • Bistå medlemmer i å realisere nye forretningsmoglegheiter
  • Vere eit talerøyr for medlemmane og fremme deira saker i ulike fora
  • Planlegge og gjennomføre ulike arrangement og møteplassar

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med bakgrunn frå innovasjon og regional utvikling
  • Erfaring frå relevant arbeidsområde eller næring
  • Kunnskap om metodikk som grunnlag for å skape utvikling

Om deg

  • Ein god nettverks- og relasjonsbyggar
  • Sjølvgåande og initiativrik
  • Ein god formidlar, både munnleg og skriftleg
  • Samfunnsengasjert
  • Fleksibel, med evne til å snu seg rundt i ein næring som stadig er i endring

Vi tilbyr

Ein variert og spennande kvardag som du sjølv har stor friheit til å forme. Vi kan tilby ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi er ein dynamisk og hyggeleg gjeng i ein organisasjon med stor takhøgde. Vi er lokalisert i nye og flotte lokale, i det Breeam sertifiserte hamnebygget på Fugleskjærskaia i Florø, med havet som næraste nabo!

Søknadsfrist: 30. mars. Send CV og kortfatta søknad til dagleg leiar Kristin Svardal, kristin@hubforocean.no, tlf: 90 51 27 28. Har du praktiske spørsmål vedrørende stillingen kan disse rettes til COO Stein Kvalsund, stein@hubforocean.no, tlf 97 69 87 85. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Hub for Ocean Kulturbilde