Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Housekeeping supervisor | Norway's best AS | Aurland | Fulltid |
Er du klar for neste steg i karrieren i eit av Norges mest spennande reiselivsselskap? Ser du etter ei rolle der du kan vekse?
Norway’s best AS står bak mange av dei beste kultur- og naturbaserte opplevingane Norge har å tilby. Gjennom heilskapleg reisemålsutvikling med kunden og berekraftig utvikling i fokus har vi vore med å bygge opp Myrkdalen til Vestlandets mest omfattande skidestinasjon og Flåm til eit av Noregs mest attraktive turistreisemål.
No leitar vi etter ein ny kollega til å koordinere den daglege drifta av housekeeping på våre 3 hotell i reisemål Flåm. Historiske Fretheim Hotel i Flåm (122 rom) vil vere arbeidsstad og base, du vil også koordinere dagleg drift av housekeeping på våre mindre sesongsopne hotell i Flåm (22 rom) og Aurland (30 rom).
Vi ser etter ein person med tidlegare erfaring frå housekeeping, gjerne frå en liknande stilling. Du har hotellgen, og veit kva eit smil og eit hallo betyr for gjesteopplevinga. Du trivast med å ta ansvar og jobbe sjølvstendig og vert motivert av å sjå andre lukkast.
Du vil jobbe etter allereie eksisterande kvalitetsstandarder, men vi ser samstundes etter ein person som torer å tenke nytt og utfordre. I periodar er det høgt arbeidstempo med korte fristar og endringar, derfor er det viktig at du har evne til å prioritere oppgåver og motivere andre.
Som Supervisor for Housekeeping i Norway’s best veit du at ingen detalj er uviktig, du ønsker å bidra til selskapet sine berekraftsmål og du vert motivert av å skape gode gjesteopplevingar. Du vil rapportere til, og jobbe tett saman med leiar for Rooms Division.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr
En spennande stilling i et ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert en del av et stolt kollegium i et av Norges leiande reiselivsbedrifter, der vi legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway’s best er vi opptatt av mangfald og inkludering, dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølv og blir sett og respektert for den dei er.
Nokre av våre gode:
Søknader vil bli handsama fortløpande
Tiltreding: etter avtale
Arbeidsstad: Fretheim Hotel, Flåm
Reising mellom Hotellene i Flåm og Aurland må påreknast i periodar