Hjelp oppstartsbedrifter på vegen vidare Bilde

Kunderådgjevar ved Gründersenteret Innovasjon Noreg

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hjelp oppstartsbedrifter på vegen vidare Innovasjon Norge Vestland Fulltid

Har du lyst til å vere ein sentral ressurs for norske oppstartsbedrifter som vil opp og fram?

Vi er Gründersenteret i Innovasjon Noreg, og held til sentralt i Førde. Vi er ein gjeng med ni engasjerte og dyktige folk, som har som hovudoppgåve å hjelpe oppstartsbedrifter med å komme seg vidare til neste steg. Vi er kontaktpunkt for dei som har ein god idé, og som enten ønsker hjelp til finansiering eller som treng rettleiing i samband med vidareutvikling av forretningsidé eller konsept.

Det er ikkje alle som kontakter oss som har en idé som kvalifiserer til å få støtte til finansiering. Men vi er opptatt av å vere verdiskapende i alt vi gjer, og derfor er vi også sparringspartner for dei som treng rådgjeving om korleis dei bør styre skuta vidare for å kunne kvalifisere til lån eller tilskot seinare.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling av søknadar om tilskot
  • Sparring med kundar som har fått innvilga søknad om oppstartstilskudd
  • Bistå i gjennomføring av webinar/kurs for kunder
  • Markedsvurdering og økonomisk analyse, slik at kunder får så god rettleiing som mulig

Ein av dine mest grunnlaggende eigenskapar er at du ønsker at folk skal lukkast. Du blomstrar når du kan spele andre gode, og veit kva det vil sei å vere kundeorientert. Du verdset å vere del av eit team, men er også sjølvgåande og framoverlent mot arbeidsoppgåver og ansvarsområder. Du er vant til å tilpasse kommunikasjonen din til ulike tilhøyrarar, og er opptatt av korleis bodskap kan formidlast på ein god måte.

Hos oss jobbar alle stort sett med same type oppgåver. Vi trur nemleg at oppstartsbedrifte får den beste hjelpa når vi kjenner til både kjernen og breidda i oppgåver og områder. Derfor er det viktig for oss at du kjenner deg igjen i gleda ved å jobbe fleksibelt og variert.

Bakgrunnen din:

  • Minimum bachelorgrad innenfor relevante fag som økonomi, analyse o.l.
  • Erfaring med kunderådgivning
  • Kompetanse om forretningsutviklin
  • God teknologisk forståing; vi vurderer 3000 teknologi-idear i året, og treng deg som evner å vurdere nivåa og mulighetene i desse

Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønsker meir informasjon – ring avdelingsleiar Hjørdis Vik på telefon 938 90 188.

Søknadsfrist: 3. desember