Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar og engasjerar deg for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid? Bilde

Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar og engasjerar deg for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lærdal kommune Lærdal Fulltid

Me har ledig 100 % vikariat frå dags dato og ut januar 2026, med moglegheit for forlenging. I stillinga får du høg grad av friheit til å organisera arbeidsdagen som det passar.

Me har stort fokus på tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid, og jobbar etter BTI modellen. I stillinga får du høg grad av friheit til å organisere arbeidsdagen slik du vil, innanfor gitte rammer. Me har også fleksitidsløysing slik at ein kan tilpasse arbeidskvardagen. Det er moglegheit for heimekontor i dei periodane det passar drifta, med inntil ein dag i veka.

Me er ei lita teneste, men likevel opptekne av å ha felles møtepunkt, fagleg støtte og utvikling i jobben. Tenesta er organisert som ei avdeling under sektor for oppvekst, og har felles kommunalsjef med mellom anna skulane og barnehagane i kommunen.

Leiande helsesjukepleier er leiar for tenesta, i tillegg til svangerskapsomsorga og psykisk helsetjeneste for barn og unge som er under etablering.

Kvalifikasjonskrav:

• Vidareutdanning som helsesjukepleiar, men sjukepleiarar med norsk autorisasjon utan vidareutdanning kan også søkje

• Førarkort klasse B

• Gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

• Må ha evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

• Må ha gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

• Må ha evne til å tole høgt arbeidspress i periodar

• Det er ein fordel om du også er fleksibel og tilpassingsdyktig

Arbeidsoppgåver:

• Konsultasjonar i medhald til programmet i helsestasjons- og skulehelsetenesta

• Undervisning i relevante tema for grupper og skuleklasser

• Rettleiing av barn, unge og deira foreldre/føresette

• Gjennomføre fyrstegongs- samtale med nykomne flyktningar

• Følgje opp barnevaksinasjonsprogrammet

• Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid i medhald til BTI modellen

• Smittevern

• Og andre førefallande oppgåver

Me kan tilby:

• Eit godt arbeidsmiljø der me legg til rette for personleg utvikling

• Moglegheit for kompetanseheving

• Spanande og varierte arbeidsoppgåver

• Offentleg tenestepensjonsordning

• Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket

Lærdal kommune Kulturbilde