
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |

Ein av våre tilsette skal ut i permisjon og vi har ledig eit 100% vikariat som helsesekretær frå 21.10.2024 til 21.07.2025 med moglegheit for forlenging av heile eller deler av stillinga.
Som tilsett ved legekontoret får du som kollegaer tre legar, ein turnuslege og to sjukepleiarar og ein helsefagarbeidar. Vi held til i lyse og trivelege lokale på Fjaler helsetun som ligg sentralt til i kommunesenteret Dale.
Vil du vere med å skape eit godt møte mellom legetenesta og innbyggjarane? Då tenkjer vi du kan vere den rette for oss.
Vi vektlegg at ein er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga, så får du meir informasjon om legekontoret og om arbeidsoppgåvene.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.