Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Lærdal kommune | Lærdal, | Fulltid |
Ynskjer du deg ein spanande jobb med faglege utfordringar med moglegheit for utvikling?
Då ser me etter akkurat deg!
Pleie og omsorg i Lærdal kommune treng helsefagarbeidar/hjelpepleiar i heimesjukepleien. Di oppgåve vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistre sin sjukdom/ helseplage i størst mogleg grad. Du vil jobbe samen i team med anna helsefagleg personell, og ha ansvar for å utøve forsvarleg hjelp, pleie og omsorg. Tverrfagleg samarbeid med brukarane i fokus, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.
Som helsefagarbeidar/hjelpepleiar vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring, medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir.
Er dette deg?
Om du kjenner deg igjen, ynskjer me oss gjerne ein søknad frå deg!
Stillinga har turnus med arbeid kvar 3.helg, men me er opne for ulike løysningar knytt til turnus.
Hjå oss får du:
Kva kvalifikasjonar me krev:
Lønnsvilkår
Om arbeidsgjevaren:
Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tenestene vert skapte gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette. Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og ein aktivitør som skapar liv og røre. Heimebasert omsorg yter tenester til 12 heildøgns bemann omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakarane våre rundt om i bygda. Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!