Helsefagarbeidar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid

eining for menneske med nedsett funksjonsevne avdeling Lavik er det kring 12,5 årsverk som syter for det daglege ansvaret og omsorg for brukarar med ulik funksjonsgrad og behov. Tenesta sørgjer også for tilrettelegging, rettleiing og miljøarbeid hjå brukarar. Basen til tenesta ligg i nærleiken av Lavik helsesenter, og ein har samarbeid med open omsorg.

100% fast stillingar frå snarast. Arbeidstid: turnus med arbeid 3.kvar helg.

Arbeidsoppgåver:

  • sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • dokumentere i kommunen sitt journalsystem
  • bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar

Vi søkjer deg som:

  • har utdanning/autorisasjon som helsefagarbeidar (hjelpepleiar)
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
  • søkjarar må ha god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

Kvifor søkje stilling hos oss?

  • Fast fulltidsstilling
  • Starter på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
  • 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive og engasjerte og dyktige kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter mot bindingstid

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling