Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler, | Fulltid |
Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?
Vi har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar, med arbeidsstad i heimetenesta. Som helsefagarbeidar vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars.
Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.