Luster kommune Hovedbilde

Helsefagarbeidar Gaupne omsorgssenter

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

Luster kommune søkjer medarbeidar til Gaupne omsorgssenter. Det er ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Gaupne omsorgssenter frå 01.02.2023. Stillingen inngår i tredelt turnus med arbeid 4. kvar helg . Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Stillinga er per i dag på omsorgsplass.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjendt helsefagarbeidar
  • Førarkort kl B
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Om deg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
  • Personleg eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde