Om stillinga
Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar
- 1 x 80 % fast stilling som helsefagarbeidar i turnus, fortida Balestrand helsetun.
- 1 x 75 % fast stilling som helsefagarbeidar i turnus på natt, fortida Balestrand helsetun.
- 1 x 70 % fast stilling som helsefagarbeidar i turnus, fortida heimetenesta Balestrand.
Ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og heimebuande
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Heimetenesta har krav om førarkort kl.B
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Lønn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.